Sykkylven Skulekorps
 • Om Korpset    • Styret    • Dirigent    • Bilder / Video    • Aktivitetar    • For medlemmar    • Korpsnytt    • Attersyn    

 

 

   Attersyn
    - Bilder av Ikornnes Juniorkorps
    - Rørosfestivalen 2002
    - Skjærgårdsfestivalen 2001
    - Jubileumshefte 1986
    - Skolekorpsfestival Lyngdal 1982
    - Kretsstevne Grøa 1981
    - Jubileumsstevne 1981
    - 17.Mai 1981
    - Skolekorpsfestival Mo i Rana 1980
    - 17.Mai 1980
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 


Ikornnes Juniorkorps

For a finne attende til starten av Ikornnes Juniorkorps må vi leite i historia til Ikornnes Hornmusikk.

Våren 1966 var det så lite musikkarar i hornmusikken at dei ikkje kunne spele 17. mai. Dette vart naturlegvis lagt merke til, for det hadde blitt ein vane at det skulle vere musikk denne dagen. Folk i krinsen forstod no at utan rekruttering fra dei unge hadde vaksnekorpset inga framtid.

Hausten 1966 hadde vaksnekorpset berre 13 medlemmer.Det vart då vedteke at ingen av desse medlemmane skulle slutte for det vart starta eit Juniorkorps på Ikornnes.Tanken bak dette var at dersom ein kunne fremja interessa for musikk hos dei unge, sa ville det ogsa verte lettare med rekruttering til vaksnekorpset.Seinare på hausten vert så alle familiar i krinsen kalla inn til eit møte på undomshuset. Musikkinstruktør Piwowarski var da komen til bygda, og han heldt eit kåseri og musikk til dei frammøtte.
Under diskusjonen som vart etter kåseriet vart det framlagt ymse idear om korleis ein skulle få fart i musikklivet. Mellom anna vart alle foreldre oppmoda om a hjelpe til slik at dei borna som var interressert i musikk kunne få bli med i ei aspirantgruppe og få opplæring på instrument. Aspirantane fekk sine første instument fra vaksnkorpset. Lærar i denne tida var Jonas Lekanger, som underviste både i notelære og i instrumentbruk. Med dette var grunnlaget til Ikornnes Juniorkorps lagt.

Den 29. oktober 1967 vart aspirantkorpset utskild som eige korps oq fekk namnet Ikornnes Juniorkorps. Dei fekk overta 16 instrument fra vaksnekorpset slik at dei skulle ha eit startgrunnlag. Juniorkorpset sitt styre vart sett saman av foreldra til dei som spela i korpset. Korpset hadde no 21 medlemmer.

15. november 1967 vart så det fyrste styret valgt, Styret hadde desse medlemmene:Formann: Knut Skarberg, kasserar: Gunnar Horsevik, skrivar: Solveig Nedreberg, styremedlemmer: Evald Eilertsen og Hans Hatlemark. Dirigent Jonas Lekanger.

Etter samtale med dirigenten vart det bestemt at korpset skulle øve kvar onsdag kl. 18,30 på skulen. Vaskeliste vart oppsett slik at foreldra skulle vaske øvingsrommet kvar sin gong etter øvingane. Øvingane gav godt resultat, for alt den 17. desember var korpset på plass og spela når julegrana på Ikornnes vart tend.

Våren 1968 måtte Jonas Lekanger slutte som dirigent på grunn av sjukdom.Sverre Kvellaug tok da over som dirigent og hadde si fyrste øving den 6. mai. Denne våren var korpset også på sitt fyrste musikkstemne, som dette året vart halde på Aure.

Nâr hausten kom vart øvingstida auka til 2 kveldar for veka, slik at det var øving kvar tirsdag og fredag.Jonas Lekanger tok opp att arbeidet med notekurs og interessa for musikk var no tydelig vekt mellom dei unge for no vart det påmeldt 23 aspirantar til dette kurset.Med så mange aspirantar vart det naudsynt med fleire instrument, og problemet var sjølsagt korleis ein skulle skaffe pengar til dette. Det vart då vedteke å ta opp eit lån i banken til finansieringa.Det sitjande styret vart oppsette som kausjonistar for lånet, slik at dei som kom inn i styret etter kvart vart nye kausjonistar i staden for dei som gjekk ut. På denne måten vart 19 nye instrument finansiert.

I Sykkylvsbladet 29. april 1969 kan vi lese fylgjande: "I alt 19 nye aspirantar vil få utlevert instrument den 1. mai. og det vil bli ein god tilvekst til Ikornnes Juniorkorps i tida framover. Aspirantene har gjennomgått notekurs under leiing av Jonas Lekanger og han skal også instruere dei vidare. Etter kvart som dei får den turvande musikalske trening, vil dei kunne gå inn som musikkarar i Juniorkorpset. Ikornnes Juniorkorps skal til 17. mai få nye uniformer. Her har styret og formannen Gunnar Horsevik lagt ned eit stort arbeid med å skaffe midlar til instrument og uniformer. Dette er ein innsats det står all respekt av " 24. - 26. Juni dette året var korpset ute på sin fyrste langtur då dei var på musikkstemne i Kristiansund.

For å drive eit aktivt korps, trengs det mykje pengar. Instrument, notar, uniformer og utstyr er dyrt. I starten var det styret i korpset som planla alle aktivitetar som skulle gi pengar i kassa, men dei hadde naturlegvis også mange andre ting a ta seg av. Difor vart det hausten 1971 starta ei mødreforening, med Anna Årdal som den fyrste formann. Denne foreninga skulle arbeide for å hjelpe på korpset sin økonomi. Alle mødrene til korpsmedlemmane var med i denne foreninga, og det vart bestemt at dei skulle ha møte ein gong i månaden. Ei av dei viktigaste inntektskjeldene til korpset vart etter dette den årlege tombolaen som mødreforeninga skipar til kvar haust. Elles har det vore forsøkt med litt av kart for å få pengar i kassa. Mellom anna vart det prøvd med papirinnsamling i ei periode, men då mange av foreldra syntes at resultatet ikkje svara til innsatsen, vart dette nedlagt etter ei tid. Produksjon og salg av møblar vart også prøvd, og det gav eit bra resultat den tida det stod på.

Noko fullstendig referat fra korpset si historie vil det føre for langt å lage i eit hefte som dette, men vi skal prøve å få med ein del av dei viktigaste hendingane gjennom åra.

I mars 1971 måtte korpset sin faste dirigent gjennom 3 år, Sverre Kvellaug, slutte på grunn av sjukdom. Korpset var da utan dirigent i omlag ein månad, men i april same året sa John Kurseth og Sigfred Sætre seg viljuge til å hjelpe til med øvingane fram til sommaren. Hausten 1971 tok så Sigfred Sætre over som korpset sin faste dirigent medan Jonas Lekanger framleis tok seg av aspirantopplæringa.

17. mai 1974 vart korpset sitt banner teke i bruk for fyrste gong. det var teikna av Stein Kåre Nygård, oq sydd av Julie Finvik og Lilly Jarnes.

Hausten 1974 vart også dei fyrste drilljentene opplært, og dei var i elden for fyrste gong på korpset sin førjulsfest 21. desember. Det var Anna Årdal som starta drillkorpset og som var leiar i den fyrste tida.

Året 1976 var det 10 års jubileum, og dette skulle sjølvsagt skikkelig markerast. det var då arrangert korpstur, fyrst til Drammen på musikkfestival, og deretter til København med danskebåten. På grunn av ei misforståing på båten, kom ikkje bussen og korpset med til avtalt tid, så heimreisa måtte gå gjennom Sverige. Dette året var korpset med i Tonika sin musikk konkurranse, og sikra seg ein 6. plass i 2. divisjon.

I 1977 tok den kommunale musikkskulen over aspirantopplæringa, og det var 20 aspirantar som fekk grunnleggjande musikkopplæring der dette året.Sigfred Sætre som har vore korpset sin faste dirigent i mange år ville no slutte til ferien, og korpset vart dermed utan dirigent. For at styret skulle få litt tid på seg til å finne ein ny dirigent, sa den kommunale musikkleiaren, Arnfinn Dalhaug, seg viljug til å dirigere korpset fra hausten og fram til jul.

1 februar 1978 vart dirigentspørsmålet løyst ved at Ingrid Andersen tok på seg jobben mot at ho skulle få hjelp av Sigfred Sætre. Dette synte seg å fungere svært bra, slik at når våren kom, var korpset i god form, og dei melde seg på til NMF sin Jubileumsfestival i Trondheim. Turen gjekk med buss og den var svært vellukka og ei fin oppleving for alle som var med.

Ingrid Andersen sa at ho ikkje kunne dirigere korpset lenger enn fram til jul, så styret matte på nytt ut på jakt etter ny dirigent. Det vart Kjetil Hole som tok dette på seg.

Å vere dirigent for eit juniorkorps er ingen enkel jobb, det krev mykje av den som skal gjere det. Dei musikalske kunnskapene må vere gode, og dirigenten må kunne motivere den enkelte til å gjere sitt beste. Men alle dirigentane som korpset har hatt, har klart dette, og det ser ut som det har vore ein fin musikalsk framgang gjennom åra som har gått. Det som mange dirigentar kanskje opplevar som negativt, er at er at når dei har fått fram ei gruppe med gode musikkarar, er dei blitt for gamle til å vere med i eit juniorkorps slik at dei sluttar. Derved er det berre å starte på eit lavare trinn igjen.

"Strålande song og musikkdag på lkornnes", står det i Sykkylvsbladet den 18. juni 1980. Det var Ikornnes sin tur å arrangere denne årlege song og musikkmønstringa,lkornnes Hornmusikk og Ikornnes Juniorkorps var saman om dette.

Denne våren gjekk turen til Mo i Rana på Skulekorpsfestival. Der fekk korpset oppleve
Nord Norge på sitt beste, med sol og fint ver, saman med 2800 andre musikantar fra mange stadar rundt om i landet.
Så langt det har vore mogeleg har det vore arrangert ein lang stemnetur annakvart år, for det viser seg at dette kan gi eit lite puff i rett lei for dei som er i ferd med å gå seg leie av musikk og vil slutte. Denne turen var den siste med Kjetil Hole som dirigent, og når hausten kom var Ingrid Andersen klar til å starte med korpset på nytt.

For å få ein god start på sesongen, vart det denne hausten laga ein øvingsweekend på leirskulen på Runde. Der var det øving heile dagen både laurdag og søndag, berre med nødvendige matpausar og ein liten tur til fuglefjellet i mellom øvingane.Det har vist seg at slike øvingshelgar gir gode resultat, og det har etter kvart blitt tradisjon at dei fleste korps, har slike øvingar fleire gonger for året.

I 1981 markerte Ikornnes Juniorkorps at det hadde blitt 15 år med å arrangere eit jubileumsstemne der kor og korps fra heile bygda var invitert.

Dei siste fem åra har korpset hatt god framgang, og kvar sumar har fleire av musikkarane vore på utøvarkurs og instruktørkurs, dette har vore ei god hjelp i instruksjonen av dei yngste medlemmane i korpset, då desse musikkarane kan hjelpe til med grupperøving. Det viser seg også at dei som fyrst har vore på slike kurs, gjerne vil attende for å lære meir.

I 1982 deltok korpset blant anna på sangens å musikkens dag i Velledalen ,korpset var og med på to stevner denne våren først kretsstemne på Stranda 13.06 og seinare landsfestivalen i Lyngdal 18-20. juni.

Sommaren 1983 deltok korpset på kretsstemnet på Harøy.

Også i 1984 deltok korpset på to stemner , kretsstemne på Aukra 2 og 3 juni og Landsfestivalen på Kongsvinger 15-18.Juni.

I 1985 deltok korpset på Ålesundsfestivalen 21-23.Juni

Korpset har i år(1986) 49 medlemmer, eit tal vi er svært stolte av. 3 av desse spelar i Sunnmøre Brass Band, og 5 er med i Ikornnes Hornmusikk. Korpset rekrutterer medlemmer fra ein skulekrins med berre 93 elevar. Vi er no inne i ei av dei mest positive periodar i korpset si historie, dette er nok eit resultat av målbevisst satsing på å gi musikkarane best mogeleg instruksjon. Dei siste åra har vi hatt svært mange musikkarar på sommarskule, og et har gitt gode resultat som kjem korpset til gode. Vi har 3 medlemmer som har dirigentkurs, og desse tek gjerne fram dirigentstaven nar behovet er der. Det var mange nye forventningsfulle musikkarar som møtte fram da musikkskulen starta på nytt for kretsen i år, så rekrutteringa ser framleis svært god ut.

Til slutt vil vi helse til alle musikkvener i bygda, og særleg til alle foreldre med barn i korpset. Det er eit krevande arbeid, med samtidig er det fantastisk moro og givande. Vi har att mange gode minner som vi ikkje ville vere forutan.


Redaksjonskomite:
Karin Stave, Harald Stave, Inge Langedal


   
 

 

 

Sykkylven Skulekorps, Postboks 380, 6239 Sykkylven